Prolog til Kongsberg Kantoris 25 års jubileum


Då Adam vakna til sin første dag
fann han i tilværet velbehag
han satt og såg seg forsiktig ikring
forundra over dei nye ting
Frå trea høyrde han vakker lyd
ein fuggel som kvitra i vårleg fryd
Han freista ta etter den fjørkleddes song
Mennesket tok tonen for fyrste gong
Dagen etter vart det duett med Eva
ja, livet vart verkeleg verdt å leva
I alle tider etter den dag
har tonar og folk heldt kvarandre med lag
Tonen følgde i glede og sorg
og høyrdes frå stove, festsal og torg
Redskap til formidling av tonar
som fløyter gitarar og saksofonar
er utvikla og laga i alle land
men den eldste er røysta til kvinne og mann
Hit til byen kom ein vestlending ein gong
inni hovudet høyrde han vakker song
Han hadde orgel og songen til kyrkjelyden
men drøymde om eit ovdigert songlag i byen
Eit kor for å få fram alt det han følte
det hjalp ikkje kor han åleine brølte
Så laga han eit, så enkelt var det
ein notis i avisa, to og tredve vart med
Sidan kom berre fleir og fleir
og vestlendingen gliste meir og meir
Tytebæret, du veit det på tuva
var vakkert og raudt, men lite det ruva
Han henta fram noteblad, korte og lange
ein bunke som så, etter kvart vart det mange
Og tonen han runga høgt og fritt
med konsentrasjon sokk han berre litt
I song er det viktig at tonen er rein
når åtti syng skal det høyrast som ein
Men like naudsynt er tonen som held
oss saman som vener kvar torsdagskveld
Samhald og glede, tonar og lått
er god medisin for ein kvardagsskrott
Når øvingslokalet synes for trangt
vi sett oss i buss og reiser langt
Då ristes vi saman ein lykkeleg gjeng
og låtten sit laust hos pige og dreng
Ja tonen er festa i miljø og i song
vi slepp han ikkje ein einaste gong
Ha takk for den gleda koret vårt gjev
ha takk for kvar øving med terping og strev
ha takk for kvart eit av dei tjuefem
ha takk for kvart vennskap, kvar varme klem
Vi lyfter vår seidel alle som ein
Gutår kjære songar! Hald tonen rein

                                                        
Svein Arne Fossbakken