H-moll Post Festum


Vi hugsar det enno då kantoren kvad
at H-moll ei messe var verd
to timar korsong av vanskeleg grad
skulle framførast utan besvær  

Ein mistanke hadde vi alltid hatt
men sikre vi vart etter talen
Her var det noko alvorleg fatt
den mannen var steikande galen  

Det neste halvåret gjekk han i hi
med noter og metronom
Vi såg 'kje meir til han på all den tid
før på nyåret fram att han kom  

Så tok vi i ferd med å terpe så smått
det låt ikkje vakkert må vite
Men stundom tyktes det bli ganske flott
det muna då aldri så lite  

Og året det gjekk og snart vart det haust
og verket det byrja ta form
Endeleg skulle det heile ta laust
forventninga var enorm  

Så sto vi der oppstilt og kyrkja var full
av eit folk som forventa musikk
Her gjaldt det nok berre å synge til gull
utan skurring og innsatsklikk  

Vi song over evne så skjorta var våt
då den siste akkord tona av
og applausen han runga og godorda låt
det var lønna for strev og kav  

For fyrste gong fekk me sjå Reidar Hauge
bli stum då det heile var endt
Han sto der og smilte med vassblanke auge
og andletet himmelvendt  

Ha takk kjære kantor for det du gjer
med slik iver og initiativ
Eg seier frå hjartet og alle her
Du gjev oss eit rikare liv


Svein Arne Fossbakken